Privatpersonar og verksemder kan kjøpa partar. Partar er ein viktig del av finansieringa av hamn og båt. Kjøp ein eller fleire partar og gjer det mogeleg å utvikla hamna vidare!

Partsbrev i Norheimsund Hamneutvikling SA gjev rett til å røysta på årsmøtet. Ingen har meir enn ei røyst. Innskoten partskapital kan ikkje krevjast ut frå laget. Parthavarane har ikkje ansvar for eventuelt underskot. Overskot skal verta verande i laget.